
Saturday 10 January 2026
Markus 🌱🧑🎤 was at Synne Sørgjerd
Eg har lytta til Synne Sørgjerd i nokre år no. Båe i 2024 og 2025 var det hennes album og låtar som toppa lyttelistane mine. Dette var fyrste gong eg fekk høyre ho live.
Eg var bekymra for at det ikkje skulle vera like bra live, men det var ei heilt søppel bekymring. Synne og bandet storspelte gjennom heile konserten. Frå start til slutt.
Gitaristen Bror Brorson var spesielt bra. Han haldt stemninga oppe med dansing og morosamme kommentarar.
Konserten hadde bra blanding av låtar med høgt og lågt tempo. På dei aller lågaste satt Synne Sørgjerd seg ute blant publikum på ein krakk. Det blei ein intim og fin oppleving.
Dette er ein av dei gøyaste konsertane eg har vore på. Berre slått av artistar som har hatt MANGE fleire konsertar enn Synne Sørgjerd sjølv. Dette var tross alt hennes andre konsert som headliner!
Eg gler meg til neste gong eg får sett ho. For no høyrar eg vidare på settlista.
The song that got you: Smaker blod