BackMaisie Peters
Stage at a Maisie Peters concert with light shining on a wall. The light says "Maisie Peters" in a curly font

Friday 20 March 2026

Markus đŸŒ±đŸ§‘â€đŸŽ€ was at Maisie Peters

Astra Kulturhaus, Berlin · @markus · Public

Endeleg fekk eg sett Maisie Peters ordentleg! Eg sÄg ho i Drammen i 2024, men dÄ var ho sjuk og sang berre sÄ vidt akustisk med mest synging frÄ salen. Denne gongen var det fullt show.

Fleire av favorittane mine blei spelte. Lost the Breakup er den lÄta, av alle lÄtar, eg har hÞyrd mest av sÄ det var gÞy Ä endeleg hÞyre ho live.

Nokre artistar, som til dÞmes Kaizes Orchestra, er mykje betre live enn pÄ scena. Det er ikkje like sant for Maisie Peters. Ho er ganske tru mot innspelingane sine, og det er ikkje veldig masse ekstragreiar.

Likevel er eg strÄlande nÞgd med denne konserten (som eg tross alt reiste 48 timar med tog pÄ ei helg for Ä sjÄ!). Eg gler meg til neste turné, som kan bli fullt dedikert til albumet som kjem i mai.

The song that got you: Lost the Breakup

1 favourite1 boost